World News in Norwegian

Ber om tips etter mogleg overfallsvaldtekt i Bergen sentrum

NRK.no 

Ei kvinne melde natt til laurdag ei valdtekt som kan skjedd på open gate i Bergen sentrum mellom klokka 02.30 og 03.45.

Politiet ber publikum om tips.

BA omtalte saka først, då krimteknikarar hadde gjort undersøkingar ved eit bygg i Sigurds gate laurdag morgon.

– Det er snakk om ei mogeleg overfallsvaldtekt og vi har undersøkt det som er ein mogeleg åstad, seier politiadvokat Kjell Tomren til NRK.

Politiet har gjort rundspørjingar på åstaden og sett etter videoovervaking.

– Men det er litt usikkert om vi er på den rette staden. Det er ikkje sikkert at det var der det skjedde.

Etterforskinga held fram. Ingen er førebels pågripne. Kvinna har forklart at ho ikkje kjende mannen.

– Vi ser etter ein ukjend gjerningsperson. Vi undersøker ulike hypotesar, der éi av hypotesane er ein overfallsvaldtekt gjort av ein ukjend person på gata, seier Tomren.

Kvinna sin bistandsadvokat, May Britt Løvik, seier til NRK at ho har snakka med kvinna men har førebels ingen kommentar.

Читайте на 123ru.net