World News in Norwegian

Tre kvinner drepne i London – politiet jaktar på gjerningsmann

NRK.no 

Britisk politi har sett i gang omfattande søk etter ein væpna mann etter at tre kvinner vart funne drepne i eit hus i Bushey utanfor London.

Den antekne gjerningsmannen bak trippeldrapet er 26 år gammal, og politiet oppmodar folk til å halde seg unna han ettersom han framleis kan vere væpna.

Ifølgje politiet vart dei tre kvinnene, som var i slekt, funne alvorleg skadde i eit hus i Bushey i Hertfordshire, nordvest for London, tysdag kveld. Politi og ambulansearbeidarar prøvde å redde dei, men alle tre vart erklærte døde på staden.

Politiet har ikkje sagt om gjerningsmannen, som er frå London, også har ei tilknyting til kvinnene. Ifølgje etterforskar Rob Hall i politiet er det grunn til å tru at han skjuler seg i London eller i nabofylket Hertfordshire. (NPK)

Читайте на 123ru.net