World News in Norwegian

1700 personar dør kvar veke av covid-19

NRK.no 

Korona held fram med å koste mange livet. Framleis døyr kring 1700 personar på verdsbasis kvar veke av covid-19. Det opplyser Verdsorganisasjonen for helse, som ber folk om å fylgje vaksineprogrammet.

WHO-direktør Tedros Ghebreyesus seier at færre helsearbeidarar og personar over 60 no er vaksinerte.

Sidan starten av pandemien er det meld inn over 7 millionar koronadødsfall til WHO. Det reelle talet er venta å vere høgare.

Читайте на 123ru.net