World News in Norwegian

Prisveksten på veg opp i Argentina

NRK.no 
I Argentina er prisveksten nok ein gong på veg opp att. Det skjer etter fleire månader med fallande inflasjon. I juni enda han på 4,6 prosent, noko opp frå mai . Det braut med ein fem månader lang trend med fallande prisvekst, som ekspertar har sagt kjem av president Javier Milei sine innsparingstiltak. Han gjekk til val på å bekjempe Argentina sin verste økonomiske krise på meir enn 20 år. Då han tok over makta i desember i fjor var den månadlege prisveksten på 25 prosent.

Читайте на 123ru.net