World News in Norwegian

Bil i fjellvegg

NRK.no 

Ein bil med ein person i har køyrd i ein fjellvegg på fylkesveg 57 ved Mongstad Base i Austrheim. Personen er ute av bilen og er vaken og medviten. Personen er frakta til Haukeland med ambulanse, melder politiet.

Det er store materielle skader og politiet dirigerer trafikken forbi ulukkesstaden. Dette følger også til ein del kø på fylkesvegen nord for Bergen.

Vegen kan bli heilt stengt igjen når bilen skal fjernast.

Читайте на 123ru.net