World News in Norwegian

Båt velta i Bjørnafjorden

NRK.no 

Politiet fekk melding litt over klokka 15 om ein skjærgårdsbåt med tre personar som hadde gått rund i Bjørnafjorden.

Alle tre blei etter kort tid henta opp av andre båtar og frakta til land.

Dei er undersøkte av helsepersonell på staden, men dei hadde ikkje behov for meir helsehjelp.

Båten dreiv med leppefiske og ein fisketank på 1000 liter flytta seg, slik at båten kantra og dei tre fell i sjøen.

Politiet opprettar sak. Redningsaksjonen blei koordinert av HRS.

Читайте на 123ru.net