Transkriberingsteneste delvis nede i Helse Midt
Helse Midt-Noreg seier dei ikkje bruker programvare frå Crowdstrike.
Dei bruker derimot ein teneste for å transkribere det som blir sagt munnleg. Til dømes dersom ein lege som skal fylle inn ein journal.
Denne tenesta fungerer ikkje akkurat no hos enkelte av brukarane på sjukehusa på grunn av datatrøbbelet, opplyser Terje Lund, avdelingsleiar i Hemit.
Det er fordi tenesta er knytt til eit tysk datasenter som er råka av datatrøbbel.