Mann henta ned frå fjellet etter redningsaksjon i Vindafjord
Frivillige blei i natt kalla ut for å hjelpe ein mann i 20-åra ned frå ein fjelltopp i Ølen i Vindafjord.
Like før halv 3 i natt fekk frivillige kontakt med mannen, som var nedkjølt og kald, men ikkje skadd.
På grunn av bratt terreng blei det forsøkt å hente mannskapet ned med redningshelikopter, men vêrforhold gjorde det vanskeleg.
Mannen er nå henta ned etter bistand frå ei taugruppe.