World News in Norwegian

Nektar for festivalvaldtekt

NRK.no 
Nektar for festivalvaldtekt

Mannen som er sikta for valdtekt på festivalcampen til Malakoff på Nordfjordeid i helga, avviser skuldingane.

– Han kjenner seg ikkje att i å ha gjort ei slik type handling, seier advokat Paul-Inge Angelshaug.

Mannen, som er i 30-åra, vart pågripen laurdag morgon. Han vart lauslaten etter avhøyr på ettermiddagen.

– Han har samarbeidd med politiet, og forklara fullt ut om opplysningane som han har og forklaringa knytt til det han er skulda for, seier Angelshaug.

Politiadvokat Merete Sundal har førebels ikkje kunne kommentere saka på noverande tidspunkt. Angelshaug håpar på ei rask avklaring på kva som skjer vidare.

Den fornærma kvinna er i 20-åra.

– Det er viktig for alle partar at ei slik sak ikkje blir liggande for lenge med uvisse om vegen vidare, seier han.

Читайте на 123ru.net