World News in Norwegian

Valdtektssaka: – Ikkje nært kjende

NRK.no 
Valdtektssaka: – Ikkje nært kjende

Dei involverte i valdtektssaka under Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid i helga, var ikkje nært kjende. Det seier Askel Rødland, straffesaksansvarleg i Sogn og Fjordane til NRK.

– Utover det vil vi ikkje seie noko om relasjonen. Ingen av dei er heimehøyrande i Sogn og Fjordane, seier han.

Mannen i 30-åra vart pågripen natt til laurdag. Han vart lauslaten etter avhøyr same dag. Den fornærma er ei kvinne i 20-åra. Overgrepet skal ha skjedd inne på festivalcampen.

Mannen nektar straffskuld.

– Han kjenner seg ikkje att i å ha gjort ei slik type handling, sa advokat Paul-Inge Angelshaug til NRK måndag.

Politiet er framleis i ein innleiande fase på etterforskinga. Måndag uttala Rødland til Firda at saka er høgt prioritert.

Rødland vil ikkje på noverande tidspunkt seie kva som har kome fram gjennom avhøyr og etterforsking.

– Politiet har avhøyrt sikta, fornærma og vitne, og vi har gjort undersøkingar på staden. Vi jobbar vidare med avhøyr av vitne og går gjennom spor som vi har sikra, seier Rødland.

Читайте на 123ru.net