World News in Norwegian

FN: Kvart minutt i 2023 døydde ein person av aidsrelatert sjukdom

NRK.no 

Nesten 40 millionar menneske levde med hivviruset i 2023. 9 millionar av desse personane fekk ikkje livreddande behandling, ifølge ny rapport frå FNs aidsorganisasjon (UNAIDS).

Det svarar til eit dødsfall knytt til aids kvart minutt, og til saman 630.00 dødsfall i 2023, skriv NTB. For tjue år sidan var 2.1 millionar menneske som døydde av aidsrelatert sjukdom.

Det er UNAIDS som leier den globale innsatsen mot å kjempa mot aids-pandemien. Målet er at aids ikkje lenger skal vera ein trussel mot den globale folkehelsa innan 2030.

For å nå målet, må talet på hiv-smittetilfelle vera under 370.000 i året. I fjor var det 1.3 millionar nye tilfelle.

Читайте на 123ru.net