World News in Norwegian

Seks menn tiltalt i samband med narkotikasak

NRK.no 
Seks menn tiltalt i samband med narkotikasak

Seks menn er no tiltalte i samband med ei narkotikasak på Sunnmøre.

I slutten av januar blei fleire menn arresterte og mistenkte for å produsere narkotika i Ørsta.

Politiet har i etterkant avslørt at dei beslagla over 300 cannabisplantar og over 20 kilo cannabis. Dette er ifølge politiet eit av dei største beslaga som er gjort på mange år i Møre og Romsdal politidistrikt. Stoffet har ein gateverdi på fleire millionar kroner.

Dei seks mennene er tiltalt for å ha hatt ulike roller i samband med saka.

Saka skal opp i Møre og Romsdal tingrett i slutten av september og det er sett av ti dagar til saka.

Читайте на 123ru.net