World News in Norwegian

Equinor tente 7,48 milliardar dollar i andre kvartal

NRK.no 
Equinor tente 7,48 milliardar dollar i andre kvartal

Equinors resultat for andre kvartal i 2024 var på 7,48 milliardar amerikanske dollar. Det opplyser selskapet onsdag morgon.

På førehand var det venta eit justert resultat før skatt på 7 milliardar dollar i andre kvartal, ifølge analytikarar.

Inntektene enda på 25,54 milliardar dollar, ei auke frå 22,87 milliardar dollar i andre kvartal i 2023.

– Me leverte framleis god drift gjennom kvartalet, og oppnådde 3 prosent produksjonsvekst. Dette sikra solide finansielle resultat. Me opprettheld ein konkurransedyktig kapitaldistribusjon, og ventar å utbetala til saman 14 milliardar dollar til aksjonærane våre i 2024, seier konsernsjef i Equinor Anders Opedal i ei pressemelding.

Sist gong energiselskapet la fram kvartalsresultat, fekk det eit justert driftsresultat før skatt på 7,53 milliardar amerikanske dollar. Det tilsvara over 82 milliardar norske kroner. Det var ein nedgang frå året før, då resultatet låg på kring 132 milliardar kroner.

Equinor viste då til at nedgangen delvis var på grunn av lågare gassprisar.

Читайте на 123ru.net