World News in Norwegian

New Zealand: 200.000 unge og sårbare er mishandla siste 70 åra

NRK.no 
New Zealand: 200.000 unge og sårbare er mishandla siste 70 åra

Ifølge ein ny rapport har 200.000 unge og sårbare personar blitt mishandla i statleg eller religiøs omsorg i New Zealand dei siste 70 åra. Det melder NTB.

Rapporten vart lagt fram onsdag av ein granskingskommisjon som blei nedsett av regjeringa i 2018, for å granska overgrep og omsorgssvik mot barn, unge og vaksne.

– Dette er ein mørk og sørgeleg dag i New Zealands historie som samfunn og land, sa statsminister Christopher Luxon på ei pressekonferanse.

Statsministeren skal komma med ei formell beklaging 12. november.

Granskinga er den største og mest komplekse som er gjort i New Zealand, skriv avisa The New Zealand Herald.

Читайте на 123ru.net