World News in Norwegian

Eit fly har krasja i Katmandu

NRK.no 
Eit fly har krasja i Katmandu

Det skal ha vore 19 personar om bord i flyet, som tilhøyrer det nepalske flyselskapet Saurya Airlines.

Minst fem personar er stadfesta døde.

18 skal vera omkomne, skriv den nepalske avisa Kathmandu Post.

– Piloten har blitt redda og får behandling, seier talsperson for politiet Dan Bahadur Karki til nyheitsbyrået AFP.

Flyet krasja under avgang på flyplassen Tribhuvan i Katmandu i Nepal og tok fyr, skriv avisa. Ifølge statleg TV i Nepal skal flyet ha sklidd av rullebana.

Flyet skulle til byen Pokhara.

Читайте на 123ru.net