World News in Norwegian

Russiske styresmakter: To skadde i bileksplosjon i Moskva

NRK.no 

To personar blei skadde då ein gjenstand eksploderte i ein bil i Moskva onsdag morgon, ifølge Russlands innanriksdepartement. Det melder NTB.

Departementet seier at ein uidentifisert gjenstand detonerte, men kjem ikkje med meir info om hendinga.

Ein av dei skadde skal vera ein tenesteperson i den russiske militære etterretningstenesta GRU, ifølge den russiske avisa Kommersant. Reuters har ikkje klart å verifisera påstanden.

Ifølge det statlege russiske nyheitsbyrået Tass eksploderte ein Toyota Land Cruiser kort tid etter at ein mann og ei kvinne sette seg inn i bilen. Fem andre bilar i nærleiken fekk også skadar i eksplosjonen.

Читайте на 123ru.net