World News in Norwegian

Forretningsmann tiltalt for omfattande økonomisk kriminalitet

NRK.no 

Statsadvokaten i Oslo har tatt ut tiltale mot ein forretningsmann for ei rekke alvorlege lovbrot i perioden 2015 til 2020, skriv politiet i ei pressemelding.

I tiltalen står det at mannen kamuflerte lovbrota gjennom eigne selskap. Han skal ha oppretta fiktive fakturaer mellom selskapa sine, som førte til tilbakebetalingar frå Skatteetaten på om lag 9 millionar kroner som han ikkje hadde rett på.

Mannen er tiltalt for grov økonomisk utruskap mot tre selskap for kring 11,5 millionar kroner, og for uriktig bokføring av fiktive fakturaer for til saman kring 47 millionar kroner.

I tillegg er han tiltalt for bedrageri av ei eldre kvinne for kring 2 millionar kroner, og for å ha fått ein bank til å utbetala eit lån på kring 15 millionar kroner ved å legga fram uriktig dokumentasjon.

Mannen nektar straffskuld på alle punkta han er tiltalt for.

Saka blei avdekt av Skatteetaten, som melde mannen til politiet.

– Politiet ser alvorleg på denne typen kriminalitet, sidan det er eit stort samfunnsproblem at tillitsbaserte løysingar blir misbrukt, seier politiadvokat Helge Vigerust.

Читайте на 123ru.net