World News in Norwegian

Mexico: Fem døde i eksplosjon på Tequila-fabrikk

NRK.no 
Mexico: Fem døde i eksplosjon på Tequila-fabrikk

Minst fem er døde i ein eksplosjon og ein brann på ein tequila-fabrikk i Mexico, melder lokale styresmakter ifølge CNN.

Fem blei skadde i ulukka, som skjedde på destilleriet Casa Cuervo, i byen Tequila i Jalisco-distriktet i Mexico.

Casa Cuervo skriv på nettsida si at dei er verdas største mexicanske spritprodusent.

Jaliscos sikkerheitsmyndigheit opplyser at ein tankbil eksploderte, skriv CNN. Brannen førte til at tre andre tankbilar byrja å brenna, kvar med ein kapasitet på 219.000 liter.

Årsaka til brannen er enno ikkje kjend, ifølge dei lokale styresmaktene.

Minst 40 brannfolk og sivilforsvaret rykka ut til hendinga.

Читайте на 123ru.net