World News in Norwegian

Kenyas president utnemner nye ministrar

NRK.no 
Kenyas president utnemner nye ministrar

Etter meir enn ein månad med protestar mot regjeringa, utnemner Kenyas president William Ruto fire nye opposisjonspolitikarar,som skal bli ein del av ei «breid regjering», melder AFP.

President Ruto sparka nesten heile kabinettet sitt tidlegare i juli, som følge av protestane mot regjeringa.

Tysdag offentleggjorde Ruto namna på ti ministrar som skal vera med i ei reformert regjering. Blant desse er fire politikarar som står tidlegare opposisjonsleiar Raila Odinga nær.

Protestane mot regjeringa blei utløyst av eit forslag om skatteauke og har blitt meir valdelege. Meir enn 40 personar skal ha blitt drepne i aksjonane, og Ruto blir skulda for vanstyre og korrupsjon.

Читайте на 123ru.net