Klimaaktivistar stansar flytrafikken i Frankfurt
Klimaaktivistar har teke seg inn på flyplassområdet i Frankfurt, melder nyheitsbyrået DPA torsdag morgon. Trafikken på lufthamna er stansa.
Det er klimagruppa Siste generasjon (Letzte Generation) som står bak aksjonen.
Aksjonen på flyplassen inngår i ein global protestaksjon som krev stans i bruken av fossilt drivstoff innan 2030.
Passasjerar blir bedne om å ikkje dra til flyplassen, skriv Frankfurt lufthamn på X.
– Me gjer alt me kan for å fjerna klimaaktivistane frå rullebanen, sa ein talsperson frå politiet til nyheitsbyrået AFP.
Onsdag stansa flytrafikken frå lufthamna Köln-Bonn i fleire timar grunna klimaaktivistar.