Dagbladet: Ny klimaaksjon på Gardermoen
Klimaaktivistar forsøker å sperra delar av innsjekkingsområdet på Oslo lufthamn torsdag morgon, melder Dagbladet.
Det er gruppa «Folk mot fossilmakta» som står bak aksjonen. Elleve personar, deriblant forskarar, deltek i aksjonen i dag, ifølge Dagbladet.
I går tok tre personar frå gruppa seg inn på rullebanen på Oslo lufthamn for å uroa flytrafikken.
Gruppen ønsker at den norske regjeringa signerer ein juridisk bindande avtale for å stoppa utvinning og forbrenning av olje, gass og kol innan 2030.