World News in Norwegian

Alvorleg trafikkulukke i Samnanger

NRK.no 

Klokka 15.35 vart det meldt om trafikkulukke mellom ein bil og ein motorsykkel med to personar ved Bygdavegen/fv. 49 Reistadvika i Årland i Samnanger.

– Dei skal ha kollidert front mot front. Vi veit det er personskadar, men veit ikkje kor alvorleg skadde personane er, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt til NRK.

Ambulansen på staden ser til to personar. Det er trafikale problem på staden, og vegen er førebels stengt, seier politiet.

Det lek bensin frå motorsykkelen, melder 110-sentralen. Dei set i verk tiltak mot dette.

Читайте на 123ru.net