World News in Norwegian

Alle 14 overlevande frå forliset ved Falklandsøyene har kome til land

NRK.no 
Alle 14 overlevande frå forliset ved Falklandsøyene har kome til land

I går ettermiddag kom 13 overlevande frå den forliste båten Argos Georgia til Stanley, hovudstaden på Falklandsøyene.

Desse 13 har blitt tilsette av helsepersonell frå The King Edward VII Memorial Hospital.

Torsdag kom dei to andre skipa som var involverte i søket til Stanley hamn, med ein overlevande. Den overlevande vil også bli tilsett av helsepersonell.

Søket etter dei siste fire sakna blei sett på pause i går grunna dårleg vêr.

Søket er no tatt opp igjen, men regjeringa på Falklandsøyene melde i går at dei no truleg søkar etter omkomne.

NRK rettar: I ein tidlegare melding opplyste NRK at ytterlegare ein overlevande var funne etter forliset. Dette stemmer ikkje. Det er framleis fire menneske som er sakna.

Читайте на 123ru.net