World News in Norwegian

Mann til sjukehus etter brann i einebustad i Bergen

NRK.no 
Mann til sjukehus etter brann i einebustad i Bergen

Klokka 12.17 vart det meldt om eksplosjonsarta brann i kjellaren på ein bustad i Loddefjord i Bergen. Vest politidistrikt opplyser at det kan ha tatt fyr i ei bensinkanne.

Ein mann i 40-åra kom seg ut av bustaden og fekk helsehjelp på staden, før han blei frakta til Haukeland sjukehus. Politiet seier han skal vere lettare skadd. Bebuaren meldte sjølv inn brannen.

I tillegg låg ein mann i 20-åra og sov i etasjen over. Han vart ikkje skada.

Det var observert opne flammar og røyk frå kjellaren, og brannvesenet rykka ut med personell frå tre stasjonar.

Brannen var avgrensa til innvendig i bygget, og det var uvisst om det var meir bensin på staden. Klokka 12.21 melder politiet at brannen er sløkt.

Читайте на 123ru.net