World News in Norwegian

Israel planlegg ny militæraksjon i Khan Younis, ber sivile evakuera

NRK.no 
Israel planlegg ny militæraksjon i Khan Younis, ber sivile evakuera

Det israelske militæret (IDF) seier dei planlegg ein aksjon mot Hamas i Khan Younis, sør på Gazastripa.

IDF beordar evakuering av eit folketett område på Gaza som er sett på som ein humanitær sone, sør i Khan Younis.

Ifølge IDF kjem ordren som eit motsvar til eit rakettangrep dei hevdar kom frå dette området.

Det er andre gong på ei veke at Israel beordrar evakuering av eit område sett av til palestinske flyktningar, skriv NTB.

Israel angreip området rundt Khan Younis måndag, etter førre evakueringsordre. Etter dette har over 190.000 palestinarar flykta frå staden, anslår FN.

Minst 70 menneske mista livet i angrepa måndag, ifølge palestinske helsemyndigheiter.

Читайте на 123ru.net