Fellingsløyve på ulven i Sokndal
![Fellingsløyve på ulven i Sokndal](https://gfx.nrk.no/37W-GKdw8QcS0vOP5AbSzghpbhQY5KjtflihKusF-I5w.jpg)
Seint fredagskveld sende Rogaland sau- og geit inn søknad om fellingsløyve av ulven som har blitt observert i Sokndal.
– Når me fekk søknaden inn gav me rakst skadefellingsløyve på ein ulv, seier assisterande fylkesmiljøvernsjef Cathrine Stabel Eltervåg.
Løyva varer i to veker, fram til 9. august.
To sauer er dokumentert drepne av ulven.