World News in Norwegian

USAs utanriksminister: Alt tyder på at raketten som trefte Golanhøgdene var frå Hizbollah

NRK.no 

Alt tyder på at raketten som trefte Golanhøgdene var frå Hizbollah, ifølge USAs utanriksminister Antony Blinken. Det melder Reuters.

Hizbollah på si side har avvist at dei står bak angrepet som tok livet av tolv personar, blant dei flest barn.

Blinken seier at ei våpenkvile på Gazastripa vil vera ei moglegheit til å roa situasjonen mellom Israel og Libanon.

– Me er i samtalar med Israel og vil ikkje at konflikten eskalerer, seier han, og la til at USA står fast ved Israels rett til å forsvara borgarane sine mot terrorangrep.

Читайте на 123ru.net