World News in Norwegian

Guttegjeng skal ha rana 13-åring på busstopp i Eidsvåg

NRK.no 

Ein guttegjeng på 5-6 personar skal søndag ha rana ein 13 år gammal gut på eit busstopp i Eidsvåg i Bergen. Ifølgje operasjonsleiar Jørgen Ommedal i Vest politidistrikt skal guten ha vorte tvungen til å gje frå seg pengar. Han meldte sjølv frå til politiet.

Ranet vart meldt klokka 14.44, og politipatruljar er no i området og leiter etter mistenkte. Det er førebels ingen opplysningar om at det er nytta våpen eller andre gjenstandar i samband med ranet, ifølgje politiet.

Читайте на 123ru.net