World News in Norwegian

Trump-attentatet: Ingen kommunikasjon mellom Secret Service og lokalt SWAT-team

NRK.no 

SWAT-teamet som skulle verna tidlegare president Donald Trump møtte aldri Secret Service før skytinga 13. juli. Det skriv ABC News.

Ifølge skarpskyttar James Woods på SWAT-teamet, skulle dei møtast i forkant av arrangementet.

– Det skjedde aldri, seier han til ABC News, og legg til at han hadde venta betre koordinering og kommunikasjon med politietaten.

Talsperson for Secret Service Anthony Guglielmi vil ikkje svara direkte på kommentaren til Woods.

Han seier Secret Service «prøver å betre forstå kva som skjedde før, under og etter drapsforsøket på Trump.»

Читайте на 123ru.net