World News in Norwegian

Gasslekkasje frå propantank i Ytre Sandviken i Bergen

NRK.no 

Det har oppstått ein mindre gasslekkasje frå ein propantank i Skytterveien i Ytre Sandviken, melder politiet.

Tanken er lokalisert inne i fjellet og politiet opprettheld ei 20 meter tryggleikssone rundt lekkasjen.

Operasjonsleiar Jørgen Ommedal fortel til NRK at propangass er ein lett lettenneleg gass, men at lekkasjen er så liten at det per no ikkje er noko eksplosjonsfare. Sperrene er oppretta som eit føre var-tiltak.

Ommedal fortel at dei har starta å tømme tanken for gass og at dette vil ta noko tid. Det er mogeleg for trafikk å passere medan dette arbeidet føregår.

Innbyggjarar i område er informerte.

Читайте на 123ru.net