World News in Norwegian

Politiaksjon i Luster kommune etter mistanke om fridomsrøving

NRK.no 

Politiet rykka i dag ut med lokale og nasjonale ressursar i området Skjolden-Solvorn i Luster kommune.

Kl. 11.40 i dag fekk politiet ei melding med mistanke om at nokon blei haldne tilbake mot sin vilje. Det var ukjent om nokon var skada eller i fare.

– Det viste seg å heldigvis ikkje vere tilfellet. Ingen er skada, seier Jørgen Ommedal, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Kl. 16.19 fekk politiet kontroll på situasjonen.

Det var tre partar involverte, der to var antekne fornærma og ein anteken gjerningsperson. Politiet seier det er for tidleg å seie noko om eventuelle relasjonar mellom partane.

– Vi har arrestert dei involverte partane, og det har gått føre seg utan noko dramatikk, seier Ommedal.

Politiet arbeider å finne ut kva som er årsaka til meldingane.

– No må vi gjennomføre etterforsking med avhøyr, først og fremst av dei involverte partane. Og vi held framleis på med innleiande undersøkingar, seier Marit Breistøl, fungerande stasjonssjef i Sogn.

Det var viktig for politiet at aksjonen ikkje blei synleg for offentlegheita før politiet hadde kontroll på situasjonen.

Читайте на 123ru.net