World News in Norwegian

USAs utanriksminister: Krig i Midtausten er ikkje uunngåeleg

NRK.no 

USA vil bidra til nedtrapping av konflikten i Midtausten, seier forsvarsminister Lloyd Austin.

– Eg trur ikkje ein krig er uunngåeleg. Eg held fast ved det. Eg trur det alltid er rom og mogelegheiter for diplomati, seier han, ifølge Reuters.

Han kom med fråsegna kort tid etter at det blei kjent at Hamas-leiaren Ismail Haniyeh var drepen i eit angrep i Iran, og dagen etter at Israel hevda å ha drepe ein Hizbollah-topp i Libanon.

Austin seier USA ønsker å hjelpe til med diplomatiske samtalar i regionen, men seier dei vil halde fram med å hjelpe Israel dersom konflikten skulle eskalere.

Читайте на 123ru.net