World News in Norwegian

Prisveksten i eurosona steig til 2,6 prosent i juli

NRK.no 

Inflasjonen steig til 2,6 prosent i eurosona i juli, ifølge statistikkbyrået Eurostat.

Auken er større enn det som var venta, skriv Reuters.

Kjerneinflasjonen, som ser bort frå energi- og matprisar, er uendra på 2,9 prosent.

Den europeiske sentralbanken har eit mål om at inflasjonen over tid skal vere på 2 prosent.

Tala frå Eurostat inkluderer dei 20 landa i EU som bruker euro som valuta.

Читайте на 123ru.net