World News in Norwegian

Veit ikkje kvar fengsla amerikanar i Russland er

NRK.no 

Ifølge advokat Olga Karlova er det uvisst kvar amerikanske Paul Whelan, som er fengsla i Russland, er, melder Reuters.

Ho seier ho har sendt ein førespurnad til fengselskolonien der han sonar dommen sin for å lokalisere han.

Whelan, som er tidlegare marinesoldat, blei gripen i Moskva i 2018, og er sidan dømd til 16 år i fengsel for spionasje. USA seier han besøkte Moskva som privatperson og har kravd at han blir sett fri.

Читайте на 123ru.net