Senkar maksprisen i barnehagane
Frå og med i dag blir maksprisen i barnehagane redusert frå 3000 kroner til 2000 kroner per månad, skriv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.
For dei mest grisgrendte stroka blir maksprisen halvert til 1500 kroner per månad.
– Lågare barnehageprisar er eit godt bidrag til familieøkonomien til mange barnefamiliar, og bidreg til å redusere forskjellane mellom folk, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).
Reduksjonen i maksprisar er ein del av statsbudsjettet som blei vedteke i fjor.