World News in Norwegian

Fritidsbåt og lastebåt på kollisjonskurs

NRK.no 

Svært små marginar og tilfeldigheiter gjorde at ein mindre fritidsbåt unngjekk samanstøyt med ein større lastebåt i natt.

Politiet fekk like før klokka 03 naudanrop frå føraren av fritidsbåten som fekk motorstopp ved Ringholmen, like sør for Sotrabrua. Under samtalen vart det opplyst at lastebåten kom på kollisjonskurs.

Politiet opplyser at havaristen like etter fekk assistanse av ein tredje båt som kom til. Hovudredningssentralen i Sør-Noreg og politiet har i etterkant vore i kontakt med lastebåten, som stadfestar at dei var nærme.

Читайте на 123ru.net