World News in Norwegian

Jordas ressursar er brukte opp for i år

NRK.no 

I dag blir verdas overforbruksdag markert, som er den dagen i året verda har brukt opp ressursane naturen sjølv klarer å gjenopprette på eit år.

Tidspunktet for dagen har ikkje endra seg stort dei siste 20 åra. I fjor var datoen 2. august.

Det er organisasjonen Global Footprint Network som står bak dagen.

Dei har også laga ei liste over kva land som har det høgaste forbruket i samband med dagen.

Qatar toppar lista, følgd av Luxembourg og Emiratane.

Noreg ligg på 25. plass. Om alle hadde levd som ein nordmann, ville overforbruksdatoen vore 12. april, ifølge organisasjonen.

Читайте на 123ru.net