World News in Norwegian

Kraftig fall i Obos-prisane i juli

NRK.no 

Prisen på Obos-bustader fall med 4,6 prosent frå juni til juli i Oslo. På landsbasis fall prisane med 3,7 prosent, skriv selskapet i ei pressemelding.

– Obos-prisane korrigerte markant ned i juli etter å ha stige mykje gjennom første halvår. Nedgangen var mykje større enn venta, og må tolkast med varsemd på grunn av få omsettingar i juli samanlikna med resten av året, seier sjeføkonom Sissel Monsvold i Obos.

I snitt har prisane i Oslo stige med 1,7 prosent i juli dei siste ti åra, og 0,3 prosent i snitt dei siste tjue åra.

Читайте на 123ru.net