World News in Norwegian

Dømde for grov kvitvasking i varebilbransjen

NRK.no 

To menn er dømde for kvitvasking av i overkant av 7,5 millionar kroner. Pengane stammer frå svart arbeidskraft i varebilbransjen, skriv Økokrim i ei pressemelding.

Dei to dreiv eit transportselskap i Oslo-området.

Den eine mannen er dømd til to år og to månader i fengsel, medan den andre mannen er dømd til fengsel i eitt år.

Saka er ein del av eit større sakskompleks. Totalt er sju personar dømde til fengsel. Seks av dommane er rettskraftige.

Dommane gjeld mellom anna grov kvitvasking, grov økonomisk utruskap og grovt skattesvik.

Det er også avsagt dommar for inndraging av til saman litt over 4 millionar kroner i sakskomplekset, skriv Økokrim.

Читайте на 123ru.net