World News in Norwegian

USA: Overveldande bevis for at opposisjonen vant

NRK.no 

USA avviser valresultatet i Venezuela, etter at president Nicolás Maduro tidlegare denne veka erklærte seg som valvinnar.

Den amerikanske utanriksministeren Antony Blinken seier i kveld at det er overveldande bevis for at opposisjonen sin presidentkandidat, Edmundo Gonzalez Urrutia, er den eigentlege vinnaren, melder AFP.

Høgsterett i landet har no bede kandidatane om å legge fram sine røystetal. Dette blir sett på som starten på ei gransking av det omstridde valet – som Maduro sjølv har bede om.

Opposisjonen meiner utskrifter frå røystemaskinene beviser at den sitjande presidenten tapte valet.

Читайте на 123ru.net