World News in Norwegian

Russland seier Krasikov arbeidde for FSB

NRK.no 

Russland stadfestar at Vadim Krasikov, som var fengsla i Tyskland for eit drap på ein tidlegare tsjetsjensk opprørsleiar i Berlin, arbeidde for den russiske tryggingstenesta FSB, skriv Reuters.

Krasikov blei sett fri torsdag som ein del av fangeutvekslinga mellom Russland og Vesten.

Også Mikhail Mikusjin, som er sikta for spionasje mot Noreg, var ein del av utvekslinga.

Han og dei andre fangane blei møtte av president Vladimir Putin på flyplassen.

Talsmann for Kreml, Dmitrij Peskov, seier Putin var til stades for å vise respekt for dei som hadde gjort ein innsats for landet sitt, skriv nyheitsbyrået.

Читайте на 123ru.net