World News in Norwegian

Nobelkomiteen: – Sjølvsagt glade

NRK.no 

Torsdag utførte fleire vestlege land ei historisk fangeutveksling med Russland.

Blant fangane som vart utveksla frå Russland til Vesten, var Oleg Orlov.

Han er ein av leiarane i Memorial, den no forbodne russiske menneskerettsorganisasjonen, som vart tildelt Nobels fredspris i 2022.

Leiar for Den Norske Nobelkomiteen, Jørgen Watne Frydnes seier til NRK at dei er glade for at Orlov er sat fri.

– Vi er sjølvsagt glade for at Oleg Orlov er fri og i sikkerheit i Vesten. Rettssaka mot han var ei farse og skulle aldri ha funne stad, seier Frydnes til NRK.

– Men dette betyr ikkje at situasjonen for Memorial og andre menneskerettsforkjempar i Russland er blitt noko lettare. Undertrykkinga og rettsløysa er den same, understrekar leiaren for Nobelkomiteen.

Читайте на 123ru.net