World News in Norwegian

Sju personar i frontkollisjon i Åsane – opnar for manuell dirigering

NRK.no 
Sju personar i frontkollisjon i Åsane – opnar for manuell dirigering

Naudetatane rykte like etter 10.00 ut til ein frontkollisjon på E16 Blindheimsveien, før rundkøyring i Vågsbotn i Åsane.

Det er sju personar som er involverte i hendinga. Tre av desse er barn.

Alle dei involverte er vakne og medvitne, men skadegrad utover dette er ukjent, melder Vest politidistrikt. Det er uvisst om nokon av personane må til legevakt eller sjukehus.

Det er store trafikale problem på staden, og trafikken står. Vegen var stengt ein periode, men det er no opna for manuell dirigering.

Ingen av bilane er køyrbare og bilbergar blir rekvirert, melder politiet. Det er noko lekkasje frå bilane. Airbagen på det eine køyretøyet har blitt løyst ut.

Årsaka til ulykka er enno ukjent.

Читайте на 123ru.net