Minst 73 drepne og mange skadde i Bangladesh
Dødstala etter samanstøytane mellom demonstrantar og tilhengarar av styresmaktene i Bangladesh stig.
Minst 73 menneske er drepne etter nye samanstøyt søndag, melder fleire nyheitsbyrå.
Politiet har brukt tåregass, gummikuler og sjokkgranatar mot demonstrantar som krev at statsminister Sheikh Hasina går av.
Det er også innført portforbod frå klokka 18 søndag, og internett er stengd ned i landet.