Australia hevar trusselnivået
Styresmaktene i Australia hevar trusselnivået for terrorhandlingar.
Nivået blir justert opp frå mogleg til truleg, på grunn av ein auke i ekstreme haldningar i landet, melder Reuters. Styresmaktene vurderer det som 50 % prosent sjanse for at det blir planlagd eit terroråtak 12 månader fram.
Statsminister Anthony Albanese seier at dei ikkje har kjennskap til konkrete truslar no.