World News in Norwegian

Levningar av mann funne inni ein krokodille

NRK.no 

I Australia er det funne det som truleg er leivningar av ein sakna mann inni ein krokodille. Det opplyser lokalt politi.

Ein 40 år gamal mann blei meld sakna etter det som blei trudd å vere eit krokodilleåtak i delstaten Queensland i helga.

Mannen var på ein populær fiskestad, saman med kone og barn. Krokodillen blei avliva etter å ha blitt funnen nokre kilometer frå staden. Det skriv mellom anna Guardian.

Читайте на 123ru.net