World News in Norwegian

Debby svekka frå orkan til tropisk storm

NRK.no 

Det tropiske uvêret Debby har tatt minst seks liv i Florida. Blant dei er tre barn, melder Reuters.

Mellom anna mista ei tolv år gamal jente og ein 13 år gamal gut livet då eit tre fall over dei, opplyser styresmaktene.

Debby svekka seg i natt frå orkan til tropisk storm, etter at det feide over Florida i Big Bend-området nord på vestkysten. Uvêret har no kurs for delstatane Georgia og Sør-Carolina.

Читайте на 123ru.net