World News in Norwegian

Betalte ikkje husleige – blei teken til retten av husvert

NRK.no 

Ein mann er dømt til å flytte frå bustaden han leigde i etter at han ikkje betalte husleige for seks månader.

Det var tidlegare i sommar at husverten i Sogn tok leigetakaren til retten på grunn av manglande betaling. Totalt skulda mannen 42.000 kroner i ubetalt leige. Då saka var oppe i Sogn og Fjordane tingrett, vedgjekk leigetakaren at han ikkje hadde betalt for seg, men skulda på at husværet ikkje var klargjort då han flytta inn. Mannen må også betale sakskostnader på 2681 kroner.

Читайте на 123ru.net