World News in Norwegian

The Fugees avlyser turne

NRK.no 

Tre dagar før USA-turneen skulle ha starta, avlyser Lauryn Hill og the Fugees turneen, melder Variety.

Det er ikkje opplyst kvifor turneen brått er avlyst.

Gruppa skulle ha hatt ei gjenforeining i 2021, men då blei turneen avlyst etter ein konsert.

Og fjor blei turneen som skulle feire at det hadde gått 25 år sidan Hills gjennombrot som soloartist, der også The Fugees skulle delta, utsett til i år fordi ho hadde problem med stemma.

Gruppa skal etter planen til Europa i oktober. Noreg står ikkje på planen, men dei skal etter planen spele på Tele 2 Arena i Stockholm 26. oktober.

Читайте на 123ru.net