Politibetjent gripen for å ha hjelpt Puigdemont
Ein politibetjent i Catalonia er gripen, sikta for å ha hjelpt separatistleiaren Carles Puigdemont med å flykte, melder AFP.
Puigdemont dukka torsdag opp i Barcelona etter sju år i eksil. Der heldt han ein kort tale til støttespelarar, før han forsvann igjen.
Politiet har sett opp vegsperringar i og rundt Barcelona i jakta på separatistleiaren som stod i spissen for eit mislykka forsøk på å lausrive Catalonia frå Spania i 2017.